Kunnskap for stadutvikling
tirsdag 15. desember 2009 00:00
| Publikasjonsnr.: | 2009-1015 |
| ISSn-nr.: | 0804-1873 |
| Antall sider: |
12 |
| Pris kr: | 50,- |
| Last ned: |
Last ned notatet |
| Bestill denne rapporten |
|
Dette arbeidet er ein kunnskapsstudie vedrørande temaet stadutvikling, då med vekt på norsk litteratur og funn frå perioden 1999 – 2009 som er relevante for lokale og regionale samfunnsutviklingstiltak.
Studien drøftar temaet stadutvikling generelt, og går djupare inn i to norske modellar for korleis stadutviklingsprosessar kan byggjast opp; sosiokulturelle stadanalysar og kulturøkonomisk stadutvikling. Studien omfattar utgjeven forskingsbasert litteratur, og gir såleis knappast eit fullstendig oversyn av det som føregår av stadutviklingsprosessar i norske kommunar. Dette gjeld t.d. dei prosessane som i større og mindre grad utfaldar seg i alle kommunar som del av planprosessane knytt til Plan og Bygningslova. Ikkje minst på kommunedelplannivå er det mange døme på aktiv deltaking i stadutvikling. Vi finn heller ikkje dei mange aksjonar knytt til budsjettbehandlingar, altså aksjonar for å vedlikehalde fellesfunksjonar på staden.
Last ned notatet